Sommarleiren blir arrangert av Hjelvik idrettslag.
Leiarar er Freddy Nikolaisen og Bård Olav Hjelvik som er utdanna lærarar med kroppsøving, naturfag og friluftsliv som fagområde. Vi har og livrednings/førstehjelpskurs.
Vi har og med oss fleire hjelparar på laget.
Leiren har holdt det gåande sidan 2001, og vi synes det er viktig at barn og unge får sjansen til å erfare gleda med natur og ulike aktivitetar utandørs.
Vi har hovudbase i Hjelvika, på «Idrettsplassen» der. Der er det eit flott område med fotballbane, sandvolleyballbane, grillhus og do. Området ligg fint til nede ved sjøen.
Alle som er med vil bli forsikra med feriekoloniforsikring. Den gjeld på leir, og til og frå leir dersom noko skulle skje.
Påmelding
For påmelding gå inn på www.sommarleir.com og registrer namn og opplysningar der. Du finn fram ved å sjå på menyen.
Er det spørsmål omkring påmelding eller andre henvendelsar kan du ta kontakt med oss nedanfor eller med administrator Thomas Molnes, som du vil ha kontakt med på nettsida.
Bård Olav – tlf: 95234040 eller mail: bhjelviken@hotmail.com
Freddy – tlf: 95241043 eller mail: nikolaisenfreddy@hotmail.com
Avmelding
Påmelding er bindande etter 10. juni. Dersom nokon vil melde seg av etter ei påmelding, krev vi halve beløpet etter 5. juni. Så dersom ein finn ut at ein ikkje vil eller kan på leir likevel må de melde av før denne datoen.
Ved skade eller sjukdom gjeld ikkje dette. Ber om forståing for dette av budsjettmessige årsakar.