Hei!
I morgon er det siste dag for årets leir.
Gruppe 1 skal på tur innover Hjelviksvingan via Høgåsen og til Litjeneset. Oppmøte ovom Hjelvik Settefisk. 8.30.
Gruppe 2 møter same stad. Her blir det sykkeltur. Hugs hjelm og sjekk sykkel. 8.30.
Gruppe 3 skal ha aktivitetsdag på Hjelvikplassen. Plana var å kjøre tube mot slutten av dagen, men det ser dårlig ut pga trøbbel med båt dessverre.
Vel møtt i morgon.
I morgon er det ny dag på leir.
Gruppe 1 møter på Hjelvikplassen 8.30 for nye aktivitetar der.
Gruppe 2 møter på Vikåsen 8.30. Mulig dei ender opp nede i Hjelvika ved henting, men Freddy vil då melde frå. Om de ikkje høyrer noko er det henting på Vikåsen.
Gruppe 3 skal på kort tur via Høgåsen og til Litjeneset. Dei vil vere på Hjelvikplassen kl. 15 og bli henta der. Dei skal grille pølser. Om nokon vil ha anna mat kan dei ta med sjølv.
Berre å ta med badeklede for vermeldinga seier bading (vertfall for gr 1 og gr 3)
Satser på ein ny og spennande dag for alle på leir.
Mvh Bård Olav, Robert og Freddy
Hei!
Då var første dag på leir over. Eg trur det har vore ein god dag utifrå rapportane. I morgon er det ein ny dag. Sjå på oversikta over kva som skal skje.
Gruppe 1 og 2 (1.-2.kl og 3.-4.kl) møter i Hjelvika på Hjelvikplassen kl. 8.30 og er ferdige samma stad 15.00. Ver oppmerksame på anleggsarbeidet ved Hjelvik Settefisk. Ingen skal parkere ved anlegget, men køyre gjennom til parkeringsplassen forbi brua, eller oppe ved vegen, for så å gå ned.
Gruppe 3 (5.-6.kl) møter på Vikåsen kl. 8.30. Dei kan bli henta same stad kl. 15.00. Lurt med litt ekstra niste i sekken og noko godt (sjokolade, kjeks f.eks)
Håper på ein fin morgondag. Vermeldinga seier opphald, men det kan kome ei byge likevel.
Ha ein fin kveld, så møtest vi i morgon.
Då er det snart klart for årets sommarleir. Vi har brukt helga på å forberedt aktivitetar og gjort klart.
Ved Hjelvik Settefisk er det per no utbygging. Det blir viktig å ta hensyn ved bringing og henting. Så litt info for morgondagen omkring dette:
gr. 1 (1.-2.kl) møter ved idrettsplassen 8.30. Kjør ned og forbi Hjelvik Settefisk. Det er ein parkeringsplass over brua.
gr. 2 (3.-4.kl) møter oppe ved vegen der ein køyrer ned til Hjelvik Settefisk (ved Stian Pedersen). Freddy vil stå der (høg, mørk og flott mann som ikkje er til å unngå å legge merkje ti)l. 8.30.
gr. 3 (5.-6.kl) møter ved Glamox 8.30. Dei skal sykle tilbake til Hjelvika og kan bli henta ovom Hjelvik Settefisk ved 15.00 tida. Sykkel, kort gåtur over til Helgestøa. Kan godt ta med badeklede.
Er det spørsmål så tek du berre kontakt! Lurt å samkøyre når ein henter og bringer så blir det mindre trafikk.
Velkommen til leir!
mvh Bård Olav, Freddy og Robert
Dato for sommarleir 2025 er 23.06 til 03.07