Måndag hadde vi fisking i båt, kanopadling, bueskyting og orientering på sommarleir. Vi har 30 barn denne veka. Vi fekk ein strålande start på veka.
Tirsdag var det tur opp til Skruførå i Hjelvika. Vi stoppa og Freddy fortalte spøkelseshistorie på veg oppover. Ungane lytta ivrig!
Vi tok ny rekord med 12 ungar inni Skruførå i år. Dette er eit gammalt grensetre på den tidligere grensa mellom Vestnes og Rauma. Treet er sagt å være over 800 år gammalt.
Tirsdag ettermiddag og onsdag satte vi og drog garn. Fangsten vart så som så, men det var likevel spennande aktivitet.
Onsdag var det også bading i fjørå. Til middag vart det laga og servert jegergryte, og til kvelden hadde vi grilling der foreldre kom og var med. En super dag med supert vêr.
Ta med badeklede, handduk dersom badevèr tirsdag – torsdag)
Overnattinga er frivillig, håpar flest muleg kan vere med. Dersom nokon reiser heim på overnattingsdagane må de gi oss beskjed slik at vi veit om det.
Vi stiller med middag og kveldsmat på tirsdag, frokost, lunsj, middag og grillmat på onsdag, frokost og lunsj på torsdag.
Avmelding: Dersom det blir avmeldingar utan spesiell grunn no, så vil vi kreve ein kompensasjon på halve beløpet. Dette gjeld sjølvsagt ikkje dersom sjukdom, skade, evt. andre spesielle tilfeller skulle dukke opp. Håpar på forståelse for dette. Grunnen er at budsjettet vårt skal halde.
Alle ungene som deltek på leir er forsikra med feriekoloniforsikring frå Sparebank 1, Fremtind Forsikring.
Pris er 2200 kr. Betaling kan gjerast direkte til Hjelvik ILs kontonummer: 42024944276, eller VIPPS 574109.
Telt (dette kan foreldre/unger avtale seg i mellom og løyse slik at vi ikkje sett opp meir telt enn nødvendig) Foreldre er ansvarleg for å sette opp/ta ned telt.
Sovepose + Liggeunderlag/sitteunderlag
Regnklede, støvlar dersom behov.
Minst 2 skift av klær. Badeklær, sko. (Viktig å ha med nok varme klær).
Toalettutstyr (håndkle, klut, tannkost, såpe)
Drikkeflaske
Matboks med niste til lunch tirsdag
Evt. privat friluftsutstyr på eige ansvar. Ikkje kniv.
Fiskeutstyr for dei som vil fiske. Men vi har stenger til låns.
Redningsvest
Handkle
Solbriller, solkrem
Vi har middag og grillmat på onsdag, frokost og lunch på torsdag for barna.