Sommarleiren blir arrangert av Hjelvik idrettslag
Aktivitetsleiarar er Freddy Nikolaisen og Bård Olav Hjelvik som er utdanna lærarar med kroppsøving, naturfag og friluftsliv som fagområde. Vi har og livrednings/førstehjelpskurs.
Vi har og med oss fleire aktivitetsleiarar som har erfaring med leir, eller spesiell kompetanse som vi treng for enkelte aktivitetar gjennom vekene.
Leiren har vore i drift noen sesonger, og vi synes det er viktig at barn og unge får sjansen til å erfare gleden med natur og ulike aktivitetar utandørs. I år er det og Friluftslivets år. Vi markerar dette med ekstra fokus på å lage ting frå naturen.
Vi har hovudbase i Hjelvika, på Idrettsplassen. Der er det eit flott område med fotballbane, sandvolleyballbane, grillhus og do. Området ligg fint til nede ved sjøen.
Alle som er med vil bli forsikra med ei feriekoloniforsikring gjennom Sparebank 1.