I år blir det annleis med sommarleiren pga koronaviruset. Vi arrangerer kun ei veke, overnattinga går ut, og vi organiserar det annleis med tanke på å vere innanfor smittevernreglane som gjeld.
Det blir kun ei veke med leir for barn som har gått i første til og med sjette klasse.
Dei vil bli organisert i tre grupper der i hovudsak 1.-2.klassingar er saman, 3.-4.klassingar saman og 5.-6.klassingar saman. Desse grupperingane vil ha aktivitetar på ulike stader slik at dei berre ved nokre anledningar vil opphalde seg i same område. Se aktiviteter : http://www.sommarleir.com/?page_id=34
Vi gjer unntak dersom nokon har vener eller søsken dei ønskjer å vere saman med.
Vi tek smittevernreglar på alvor slik at det skal vere trygt på leir. Vi har alle som er leiarar på leiren erfaring med dette frå grunnskulen.
Vi har og vore i kontakt med Rauma kommune og fått klarering til å arrangere leiren utifrå dei reglar regjeringa har satt.
Aktivitetsleiarar er Freddy Våge-Nikolaisen, Robert Lindgren og Bård Olav Hjelvik som er utdanna lærarar med kroppsøving, naturfag og friluftsliv som fagområde. Vi har og livrednings/førstehjelpskurs.
Vi har og med oss assistentar som er med gruppene.
Leiren har vore i drift sidan 2001, og vi synes det er viktig at barn og unge får sjansen til å erfare gleden med natur og ulike aktivitetar utandørs. Så vi er glad vi kan arrangere leir i år og. Med eit forbehold om at smittetala ikkje går opp. Då må vi revurdere att om det er forsvarleg.
Leiren vil gå frå måndag til torsdag, vi avsluttar torsdag ettermiddag.