Aktiviteter 2-4 klasse

VEKE 26 (24/6 – 27/6):


For barn fødd i 2014, 2015, og 2016


Måndag:

Leikaktivitetar, snekring/spikking/trearbeid, fisking, (frå kai), orientering, kano
og fri leik. Stasjonsaktivitetar.

Tysdag:
Fjelltur til Skruførå. Det er eit gammalt tre i Hjelvika som ein kan gå inn i. Tur på
ca 60 minutt.
Aktivitetar på Hjelvikplassen etterpå.


Onsdag og torsdag:
Overnatting. Vi startar klokka 9.00. Deltakar kan då vere på leir til torsdag
klokka 15.30. Vi har grilling klokka 19.30. Då er foreldre velkomne og.


Aktivitetar:
Kanopadling, fjelltur, bueskyting, bading om finever.
Natursti med sjø, sjøliv som tema. Frileik og leik i fjøra.
Vi startar og med båtfiske gruppevis. Alle får vere med i løpet av dagane på
minst ein sjøtur. Det kan hende vi dreg på lengre båttur til Veøya. Med
verforbehald.


Det blir fiske med garn eller line, og stang.
Vi tilbyr tubekøyring med dei eldste (9-10 åringane).
Vi har og kaninar på leiren heile veka. Kjekt med dyr!
Overnatting kan vere krevande for dei yngste. Førebu deltakar godt på
situasjonen. Ta gjerne kontakt med oss om det er noko. Vaksne er sjølvsagt
velkomne til å søve med ungane.


Vi vil på måndag og tirsdag halde på i tidsrommet 8.00 – 15.30.
På onsdag startar vi kl. 9.30, og held på til 15.30 torsdag. Barna kan
vere på leiren heile perioda.
Vi stiller med drikke og mat onsdag og torsdag.

Pris: 2000 kr.
Vi har 30 plassar.