Informasjon Sommarleir 2016 veke 26
Måndag 27/6 er det klart for Sommarleiren 2015.
Dagen startar kl. 8.30, aktivitetane startar kl. 9.00 seinast, og varer til 15.30 måndag og tirsdag. Det er vaksne der fra ca. kl. 8.00 for dei som vil komme tidleg.
Onsdag til fredag blir det overnatting. Fredag avsluttar vi kl. 13.00.
Vaksne som er med denne veka: Tommy Nikolaisen, Bård O Hjelvik, Freddy Nikolaisen, Robert Lindgren, Thomas Molnes,
Måndag: Oppmøte på Måndalen Stadion. 8.30 – 15.30
Fotballskule, friidrett, klatring, atlatl (spydkast).
Straffesparkkonkurranse med premiar
Utstyr: mat, drikke, fotballsko, fritidssko, joggesko.
klede etter veret. Ha med rikeleg med mat og drikke!
Tysdag: Oppmøte i Hjelvika: 8.30 – 15.30
Friluftslivsaktivitetsdag
Lære ulike knutar, lage friluftsmat, formingsarbeid med tre,
spikking, lage eigen bue til bueskyting,
lage smykke, kanotur dersom ok ver.
Sette garn og line i fjorden dersom interesse (etter lunsj)
Tilbud om flott fjelltur til Blåtinden om veret er ok. Frivillig
dagstur.
Orientering dersom tid.
Utstyr: Redningsvest , klede etter veret
Mat og drikke, Fjell/tursko om fjelltur
Onsdag: Overnatting på idrettsplassen i Hjelvika til fredag. Oppmøte 11.00
Aktivitetar: Fisking (kai, båt, elv), bueskyting, ballspill, leik, kano,
sandvolleyball, vannsport, natursti, matlaging ++++
Utstyr: Sjekk andre arket.
Torsdag: Vi har aktivitetar i Hjelvika heile dagen.
Aktivitetar: fisking, kano, bueskyting, atlatl, (spydkast),
matlaging, orientering?, grilling, vannsport, sandvolleyball,
riding + diverse.
Vi legg opp til grilling med foreldre/føresette som inviterte kl. 19.30 – 21.
(frivillig)
Vi har mat til ungane, foreldre må sjølv ha med grillmat. Men muligens
har vi fisk dersom fangsten er god!
Overnatting
Vi skal kåre ein buemester, triksekonge (fotball), vannsportmester, fiskemester. klatremester. PREMIERING!
Fredag: Sommarleirkonkurranse og diverse aktivitetar. Diplom, premiering og
avslutning.
Vi avsluttar kl. 13.
Generell info:
Vi stiller med mat frå middag onsdag og ut fredag. Ungane må sjølv stille med lunsj og drikke på onsdag.
Vi blir 4-6 voksne kvar dag gjennom heile veka.
Merk klede, ellers kan det lett komme vekk, bli blanda eller attgløymt. Sjekk klede før de drar heim fredag. Det ligg att ein del kvart år…
Avmelding: Dersom det blir avmeldingar utan spesiell grunn, så vil vi kreve ein kompensasjon på halve beløpet. Dette gjeld sjølvsagt ikkje dersom sjukdom, skade, evt. andre spesielle tilfeller skulle dukke opp. Dette er for at vi skal halde eit budsjett. Håpar på forståelse for dette.
Alle ungene som deltek på leir er forsikra med feriekoloniforsikring frå Sparebank 1. Denne gjeld på leir og frå/til leir.
Betaling skal gjerast direkte til kontonummer: 42024944276 eller kontant ved oppmøte.
Pris: 2100 kr for alle dagar, 1900 for 4 dagar. Søskenmoderasjon er 200 kroner i rabatt ved barn nummer to. halv pris for nummer tre.
Sum betaling:____________________________________________________
Er det spørsmål ta gjerne kontakt:
Bård Olav – tlf: 95234040 eller mail: bhjelviken@hotmail.com
Freddy – tlf: 95241043 eller mail: nikolaisenfreddy@hotmail.com
Utstyrsliste for onsdag til fredag.
- Telt frå onsdag til fredag (avtal med kvarandre utover veka. Foreldre eller ungar som hjelp til med å sette opp telt er vi glade iJ)
- Sovepose, liggeunderlag/sitteunderlag
- Regnklede
- Støvlar
- Minst 2 skift av klede. Badeklær, sko. (Viktig å ha med nok varme klær).
- Toalettutstyr (håndkle, klut, tannkost, såpe)
- Drikkeflaske obs!
- Matboks med mat til lunsj og utover onsdag
- privat friluftsutstyr på eige ansvar
- Fiskeutstyr for dei som vil fiske (torsdag til fredag)
- Redningsvest (torsdag til fredag)
- Solbriller/solkrem
- Håndkle
Obs! Hugs å merke klede med namn.