Informasjon Sommarleir veke 25 Klassetrinn 1-4

Informasjon Sommarleir 2016 veke 25

 

Vi held på frå 8.00 til 15.00 kvar dag. For utvida tilbod til 16.10 sjå neste ark.

Aktivitetar startar 8.30 – 8.45. Fredag avsluttar vi kl. 13.30. Vi held til i Hjelvika alle dagar.

Vi legg opp til at ungane kan vere på leiren frå torsdag morgon til fredag kl. 13.30

Dei som vil ha utvida tilbud til 16.10 man, tirs og onsdag kan sjå eigen info på andre arket.

Vaksne som er med denne veka: Bård O Hjelvik, Freddy Nikolaisen, Linda Smiset (to dagar), Tor Andre Moritsgard, Line Longva, Mathilde Olufsen, Jarle Løvik Salte, og hest.

 

Måndag 20/6:            Aktivitetane: Fotballskule, spikking/snekring, kano, fisking

                                    (hugs redningsvest) og orientering. Alle får vere med på alt.         

                                    Den som vil kan ta med fiskeutstyr.

Utstyr: mat, drikke, fotballsko, fritidssko, klede etter

forhold.

Info: Vi deler inn vidare i veka i to hovedgrupper med:

Dei som gjekk i 1.-2.kl som gruppe 1

Dei som gjekk i 3.-4.kl. som gruppe 2

Ta kontakt og spør dersom de vil bytte gruppe. Det fiksar vi om det er ønsker.

 

Tirsdag 21/6:           Gruppe 1:  Fjelltur. Vi brukar heile dagen.

Turmålet for dagen er Skrufurua.

Utstyr: tursko, mat, drikke, ekstra skift (t – skjorte), klede etter ver

 

Gruppe 2: Aktivitetsdag med kano, bueskyting, leik, fisking, kunst – snekring og formingsaktivitetar. Riding (med Ingeborg Hovden).

Dei som vil og får tillatelse kan prøve tube etter båt. Du må då vere trygg i vatn og kunne svømme.

Utstyr: mat, drikke og redningsvest. Klede etter veret

 

Onsdag 22/6:           Gruppe 1:  Sykkeltur med diverse aktivitetar.

                                                      diverse andre aktivitetar.

 

                                  Gruppe 2: Sykkeltur. Ein noko lengre tur enn gruppe 1.

 

Utstyr begge gruppene: mat og drikke, sykkel, hjelm.

 

Torsdag 23/6:          Overnatting – Oppmøte kl. 9.00. (Sjå eiga utstyrsliste)

Gruppe 1:  Aktivitetsdag med kano, bueskyting, leik, fisking, kunst, snekring og formingsaktivitetar og  riding (med Ingeborg Hovden).

Utstyr: mat og drikke, redningsvest.

 

                                  Gruppe 2: Fjelltur. Skrufurua/Vikenakken eller  

                                                                  Skålsetra/Storhaugen

                                  Utstyr: tursko, mat, drikke, ekstra skift (t – skjorte), klede etter ver

 

Fredag    24/6:         Skattejakt, ulike aktivitetar.

                                  Avslutning kl. 13.30 med diplomar.

Generell info:

Vi held til i Hjelvika på idrettsplassen kvar dag.

Ta med badeklede, handduk dersom badevèr tirsdag – fredag)

Overnattinga er frivillig,  og håpar flest muleg kan vere med. Vi har ikkje felles grillkveld i år då vi er så mange påmeldte. Dette er av sikkerhetsmessige årsaker og mengde folk på området. Men foreldre er sjølvsagt velkomne til å vere med oss! Dersom nokon reiser heim på overnattingsdagen må de gi oss beskjed slik at vi veit om det.

Vi stiller med middag og grillmat på torsdag, frokost og lunch på fredag.

 

Avmelding: Dersom det blir avmeldingar utan spesiell grunn, så vil vi kreve ein kompensasjon på halve beløpet. Dette gjeld sjølvsagt ikkje dersom sjukdom, skade, evt.  andre spesielle tilfeller  skulle dukke opp. Håpar på forståelse for dette. Grunnen er  at budsjettet vårt skal halde.

Alle ungene som deltek på leir er forsikra med feriekoloniforsikring frå Sparebank 1. Denne gjeld på leir og frå/til leir.

 

Betaling kan gjerast direkte til kontonummer: 42024944276.  Frist er satt til  10/6. 

Pris er 1900 kr, 200 kr søskenmoderasjonsrabatt. + utvida tilbod 50 kr per dag. Halv pris for barn nummer tre i same husstand.      

 

Spørsmål? Kontakt oss.

Bård Olav – tlf: 95234040 eller mail: bhjelviken@hotmail.com

Freddy      – tlf: 95241043 eller mail: nikolaisenfreddy@hotmail.com

 

Utstyrsliste for torsdag til fredag.

 

  • Telt (dette kan foreldre/unger avtale seg i mellom og løyse slik at vi ikkje sette opp meir telt enn nødvendig) Foreldre er ansvarleg for å sette opp/ta ned telt.
  • Sovepose + Liggeunderlag/sitteunderlag
  • Regnklede, støvlar dersom behov.
  • Minst 2 skift av klær. Badeklær, sko. (Viktig å ha med nok varme klær).
  • Toalettutstyr (håndkle, klut, tannkost, såpe)
  • Drikkeflaske
  • Matboks med niste til lunch torsdag
  • privat friluftsutstyr på eige ansvar
  • Fiskeutstyr for dei som vil fiske
  • Redningsvest
  • Handkle
  • Ridehjelm/hjelm

 

Vi har middag og grillmat på torsdag, frokost og lunch på fredag for barna.