Informasjon Sommarleir 2025 veke 27 for 4. – 7.- klassingar
Hei! Her kjem info om årets sommarleir som startar måndag 30.6.
Vi held til på Hjelvikplassen i Hjelvika. Kjør og ta av ned i krysset inni Hjelvika, ned til Hjelvik Matfisk og forbi over bru og elv til parkeringa.
Måndag er det aktivitetsdag med oppmøte seinast kl. 9. Vi er der frå 8.30.
Vi legg opp til at ungane kan vere på leiren frå tirsdag kl. 10.30 til torsdag kl. 15.30.
Sjå nedanfor for detaljert info.
Dag | Aktivitetar | Utstyr |
Måndag 30/6: | Båt og fiske Hest og riding (frivillig) Klatring (frivillig) Kano Orientering | Rikelig med mat og drikke, egna klede etter ver og vind. Badeklede om ein vil bade. |
Tirsdag 1/7: Onsdag 2/7: | Overnatting – Oppmøte kl. 10.30 tysdag. (Sjå eiga utstyrsliste) Vi held då på kontinuerlig fram til torsdag klokka 15.30. om ein vil heim ein tur gjer ein det, men gi beskjed slik at vi veit. Aktuelle aktivitetar tysdag til torsdag: Fiske frå båt, kai Fiske med garn og line Båttur for eksempel til Veøya. Kanopadling Pil og bue Atlatl Orientering Sandvolleyball Fotballtennis Badminton Leikar Fotball Matlaging Konkurransar Bading om finever Tubekjøring etter båt (gi beskjed dersom ditt barn ikkje skal prøve dette. Det blir uansett forsvarleg gjennomført) Dei fleste aktivitetar er frivillige. | Fordel å sette opp telt/lavvo tidleg så vi får sortert utstyret. Vi ønskjer ikkje for mange barn i same telt/lavvo då det blir vanskelegare å finne roa. Prøv å avtale med kvarandre på førehand. Det er greit å ta med litt godteri, brus. Ipad og telefon er på eige ansvar. Kan det ligge att heime er det greit. |
Torsdag 3/7: | Avslutning klokka 15 med utdeling av diplomar og premiering Fine premiar. Mellom anna Real Madrid og Frankrike fotballdrakt. Ferdig til 15.30 |
Generell info:
Ta med badeklede, handduk dersom badevèr tirsdag – torsdag)
Overnattinga er frivillig, håpar flest muleg kan vere med. Dersom nokon reiser heim på overnattingsdagane må de gi oss beskjed slik at vi veit om det.
Vi stiller med middag og kveldsmat på tirsdag, frokost, lunsj, middag og grillmat på onsdag, frokost og lunsj på torsdag.
Avmelding: Dersom det blir avmeldingar utan spesiell grunn no, så vil vi kreve ein kompensasjon på halve beløpet. Dette gjeld sjølvsagt ikkje dersom sjukdom, skade, evt. andre spesielle tilfeller skulle dukke opp. Håpar på forståelse for dette. Grunnen er at budsjettet vårt skal halde.
Alle ungene som deltek på leir er forsikra med feriekoloniforsikring frå Sparebank 1, Fremtind Forsikring.
Pris er 2200 kr. Betaling kan gjerast direkte til Hjelvik ILs kontonummer: 4214 37 19582, eller VIPPS 953290.
Frist betaling er satt til 20/6.
Spørsmål? Kontakt oss.
Bård Olav – tlf: 95234040 eller mail: bhjelviken@hotmail.com
Freddy – tlf: 95241043 eller mail: nikolaisenfreddy@hotmail.com
Utstyrsliste for torsdag til fredag.
- Telt (dette kan foreldre/unger avtale seg i mellom og løyse slik at vi ikkje sett opp meir telt enn nødvendig) Foreldre er ansvarleg for å sette opp/ta ned telt.
- Sovepose + Liggeunderlag/sitteunderlag
- Regnklede, støvlar dersom behov.
- Minst 2 skift av klær. Badeklær, sko. (Viktig å ha med nok varme klær).
- Toalettutstyr (håndkle, klut, tannkost, såpe)
- Drikkeflaske
- Matboks med niste til lunch tirsdag
- Evt. privat friluftsutstyr på eige ansvar. Ikkje kniv.
- Fiskeutstyr for dei som vil fiske. Men vi har stenger til låns.
- Redningsvest
- Handkle
- Solbriller, solkrem
Vi har middag og grillmat på onsdag, frokost og lunch på torsdag for barna.
Alle deltakarar får diplom.
Velkommen til leir!
Mvh Bård Olav Hjelvik og Freddy Nikolaisen