Klart for påmelding til Sommarleir 2018

VEKE 26 (25/6 – 29/6):

 

For 1. – 4. klasse (4. klassingar kan vurdere eldste gruppa og, dersom det er ledige plassar der).

 

Aktivitetar:

 

Måndag:

Fotballskule, snekring/spikking/trearbeid, fisking, (frå  kai), kano og fri leik. Stasjonsaktivitetar.

 

Tysdag:

Aktivitetsdag i Måndalen. Måndalen stadion og Måndalshallen.

Aktivitetane blir friidrett, fotball, klatring (frivillig), leik og ein annan aktivitet.

 

Onsdag og torsdag:

Deler oss i to grupper desse dagane. Ei eldste og ei yngste gruppe.

 

Kanopadling, fjelltur, riding, bueskyting, bading om finever, sykkeltur er kun for dei eldste (9-10 åringane) og frivillig i år. Natursti med sjø, sjøliv som tema. Frileik og leik i fjøra.

Vi startar og med båtfiske gruppevis. Alle får vere med i løpet av veka på minst ein sjøtur.

Det blir fiske med garn, line og stang. Vi skal sjå om vi får storkveita. Nytt i år er ekspedisjonstur med båt. Vi skal utforske stader langs Romsdalsfjorden i grupper. Vi tenkjer bunkersar på Sekken, Veøya, bunkersar på Julneset, Hjertøya og Moldeholmane. Alle får muligheten, men turane er frivillige. Med forbehold om ver og vind vert bra.

Vi tilbyr tubekøyring med dei eldste (9-10 åringane)

 

Torsdag – fredag:

Det blir frivillig overnatting frå torsdag til fredag. Telt eller lavvo.

Det blir ulike aktiviteter med matlaging og orientering/skattejakt, i tillegg til aktivitetane ovanfor.

Fredag blir det konkurranse og leik med premie til alle.

 

Vi har og kaninar og høner på leiren heile veka. Kjekt med dyr!

 

Veke 27 (2/7 – 6/7)

 

For 5. – 8. klasse som utgangspunkt

 

Måndag: Idrettsdag

 

Fotball, friidrett, atlatl og klatring på Måndalen stadion.

Konkurransar og premiar. Vi deler i grupper. Er du nybegynnar er du ein av fleire. Det tek vi hensyn til. Dette er tilpassa alle.

 

Tirsdag:  Turdag

Velg ein av tre aktivitetar:

Det er tre hovudvalg for denne dagen:

  • Båttur/opplevelsestur til ei severdighet inkl. fisking. Sekken (bunkersar), Julneset, Veøya, Hjertøya. Er det riktig ver så blir det tur ut til havet. 9 plassar
  • Sykkeltur rundt Vågen med gåtur til Helgestøa. 20 plassar.
  • Turmål kjem seinare. Tur opp mot ca 1000 moh. 20 plassar.

 

Onsdag– fredag:

Vi startar dagen klokka 10 onsdag.

Det blir overnatting på Hjelvikplassen frå onsdag til fredag.

Det blir aktivitetsdagar på Hjelvikplassen med bueskyting, riding, sandvolleyball, matlaging, vannsport/tube, fotball, modellfly og instruksjon, stuping og bading, kano med kanoorientering.

Fisking: laksenotfiske, garnfiske, linefiske, stangfiske frå både kai og båt. Dei fleste aktivitetar er frivillige.

 

Sommarleirkonkurranse med premiar frå klokka 10 fredag.

Vi skal kåre ein buemester, triksekonge (fotball), vannsportmester,  fiskemester. klatremester. PREMIERING! Vi har og som tradisjon med straffesparkkonkurranse og fotballdrakter som premie.

 

Vi vil på måndag og tirsdag halde på i tidsrommet 8.30 – 15.30

Vi avsluttar kl. 13.30 fredag.

 

Vi stiller med drikke og mat onsdag til fredag, bortsett fra lunsj onsdag.