Då er det snart klart for årets sommarleir. Vi har brukt helga på å forberedt aktivitetar og gjort klart.
Ved Hjelvik Settefisk er det per no utbygging. Det blir viktig å ta hensyn ved bringing og henting. Så litt info for morgondagen omkring dette:
gr. 1 (1.-2.kl) møter ved idrettsplassen 8.30. Kjør ned og forbi Hjelvik Settefisk. Det er ein parkeringsplass over brua.
gr. 2 (3.-4.kl) møter oppe ved vegen der ein køyrer ned til Hjelvik Settefisk (ved Stian Pedersen). Freddy vil stå der (høg, mørk og flott mann som ikkje er til å unngå å legge merkje ti)l. 8.30.
gr. 3 (5.-6.kl) møter ved Glamox 8.30. Dei skal sykle tilbake til Hjelvika og kan bli henta ovom Hjelvik Settefisk ved 15.00 tida. Sykkel, kort gåtur over til Helgestøa. Kan godt ta med badeklede.
Er det spørsmål så tek du berre kontakt! Lurt å samkøyre når ein henter og bringer så blir det mindre trafikk.
Velkommen til leir!
mvh Bård Olav, Freddy og Robert