Første dag over

Hei!
Då var første dag på leir over. Eg trur det har vore ein god dag utifrå rapportane. I morgon er det ein ny dag. Sjå på oversikta over kva som skal skje.
Gruppe 1 og 2 (1.-2.kl og 3.-4.kl) møter i Hjelvika på Hjelvikplassen kl. 8.30 og er ferdige samma stad 15.00. Ver oppmerksame på anleggsarbeidet ved Hjelvik Settefisk. Ingen skal parkere ved anlegget, men køyre gjennom til parkeringsplassen forbi brua, eller oppe ved vegen, for så å gå ned.
Gruppe 3 (5.-6.kl) møter på Vikåsen kl. 8.30. Dei kan bli henta same stad kl. 15.00. Lurt med litt ekstra niste i sekken og noko godt (sjokolade, kjeks f.eks)
Håper på ein fin morgondag. Vermeldinga seier opphald, men det kan kome ei byge likevel.
Ha ein fin kveld, så møtest vi i morgon.