Sommarleir 2023 er klar for påmelding !!

Sommarleiren blir arrangert av Hjelvik idrettslag. 

Leiarar er Freddy Nikolaisen og Bård Olav Hjelvik som er utdanna lærarar med kroppsøving, naturfag og friluftsliv som fagområde. Vi har og livrednings/førstehjelpskurs.

Vi har og med oss fleire hjelparar på laget. 

Leiren har vore i drift sidan 2001, og vi synes det er viktig at barn og unge får sjansen til å erfare gleden med natur og ulike aktivitetar utandørs. 

Vi har hovudbase i Hjelvika, på «Idrettsplassen» der. Der er det eit flott område med fotballbane, sandvolleyballbane, grillhus og do. Området ligg fint til nede ved sjøen.

Alle som er med vil bli forsikra med feriekoloniforsikring. Den gjeld på leir, og til og frå leir dersom noko skulle skje.

Aktuelle aktivitetar:

Fotball, fotballtennis

snekring/spikking/trearbeid

fisking frå kai og båt, Det blir fiske med garn, line og stang. Vi skal sjå om vi får storkveita.

kanopadling

fjelltur  

bueskyting

orientering 

sykkeltur, grottetur til Helgestøa og Brudeskaret (veke 27)

sommarleirkonkurranse med premiar (veke 27)

Capture the flag

Leikaktivitetar 

Stor sandkasse for leik

++++ fleire leikaktivitetar på Hjelvikplassen

Vi har og kaninar på leiren heile veka. Kjekt med dyr!