Måndag hadde vi fisking i båt, kanopadling, bueskyting og orientering på sommarleir. Vi har 30 barn denne veka. Vi fekk ein strålande start på veka.







Tirsdag var det tur opp til Skruførå i Hjelvika. Vi stoppa og Freddy fortalte spøkelseshistorie på veg oppover. Ungane lytta ivrig!
Vi tok ny rekord med 12 ungar inni Skruførå i år. Dette er eit gammalt grensetre på den tidligere grensa mellom Vestnes og Rauma. Treet er sagt å være over 800 år gammalt.



Tirsdag ettermiddag og onsdag satte vi og drog garn. Fangsten vart så som så, men det var likevel spennande aktivitet.




Onsdag var det også bading i fjørå. Til middag vart det laga og servert jegergryte, og til kvelden hadde vi grilling der foreldre kom og var med. En super dag med supert vêr.



