Sommarleiren nærmar seg. Ein månad att til leiren startar.

Status for påmeldingar er:

veke 26, 1.-4. klasse: 9 ledige plassar

veke 27, 5. – 8. klasse: 7 ledige plassar

 

Det kan vere lurt å sjekke utstyr som ein treng på leir. Tilstanden på teltet, soveposen, og liggjeunderlag, klede, og ikke minst sykkel. Det er lurt å sjekke at den girer rett, bremsene virker og ikkje er utslitt. Dei håpefulle veks, så kanskje setet må justerast, kjede må kanskje smørast, og dekka må ha nok luft.

Vi kjem til å sette opp ein sykkelverkstad for dei som skal på sykkeltur torsdag 28.6 (dette er ein frivillig tur for dei som gjekk 3. og 4. klasse), og tirsdag 3.7.

 

Om det er nokon som ikkje får til, eller har anledning til å ta vårpussen på sykkelen, så kan vi vere behjelpelige med å sjå over den saman med deltakaren. Men vi har ikkje anledning til å ta vårpussen på alle syklane. Dette er noko som i hovudsak bør gjerast  heime.

Dei som skal på sykkeltur får ein mykje betre opplevelse av sykkelturen dersom utstyret har fått ein liten «EU-kontroll» ?

 

Send oss gjerne en epost dersom det er noko de lurer på.

 

Vi gleder oss til leir!

 

Bård Olav og Freddy