Torsdag 28. juni og fredag 29. juni. Overnatting for leirdeltakerne.

Torsdag var første dag på overnatting. Dagen starta med ruskever. Regn og vind.
Dei yngste drog på fjelltur mens dei eldste hadde aktivitetar på plassen. To grupper var med og drog garn. Det vart god fangst med både kveite, breiflabb og rødspette, som vi grilla til kvelds.
I tillegg fekk vi ein trollkrabbe som vi koka og åt.
Etterkvart vart veret bra og humøret auka nokre hakk.

 

 

Leirplassen

 

Fredag var avslutningsdag med konkurransar og premieutdeling. Vi kjørte tube etter båt, kano og skaut med pil og bue.
Sol og sommar i Hjelvika på avslutningsdagen.